Saturday, 9 February 2013

Vil du vere med?


For ei tid tilbake såg eg på bloggen til Eli Kristin at ho strikka lappar til noko ho kalla Ull&Omtanke. Eg gjekk inn og leste meir om prosjektet på Facebook, og bestemte meg for å vere med å strikke. Alle kjenner vi vel nokon som er, eller har vore, ramma av kreft? I ein slik situasjon vert ein ofte makteslaus og føler det er lite ein kan gjere for å lette situasjonen, anna enn å vere tilstades sjølvsagt. Tanken bak teppene som vert til i Ull&Omtanke er at ein kan vere med å lage noko som viser nettopp - at det er nokon som har OMTANKE for ein!

Vil du vere med? Ein lapp eller fleire? Alle lappar hjelper! Slik kan du bidra:


OPPSKRIFTA:
Legg opp 9 masker på pinne nr 5 og strikk, med kjærleik og omtanke, 21 cm rettstrikk fram og tilbake. Strikk den første maska òg, då får vi kanter som er enkle å montere sammen. Fargane og dei ulike strukturane i garnet gir tilstrekkelig variasjon i teppa. Fest trådane og klipp av.

Lappane sender du til:
CUSTOMAID v/ Vibeke Jerkaas, Jørgen Moesvei 1, 1605 Fredrikstad

Om nokon av dykk bur i nærleiken av Fredrikstad, og kunne tenkje dykk å vere med å montere tepper, så er eg sikker på at Vibeke vert takknemleg om de tek kontakt! Hugs på at òg monteringa bør gjerast med kjærleik om omtanke ;)

3 comments:

Bea said...

Mine lapper er ca 5 cm breie. Om du brukar tynnare garn og legg det dobbelt, så bør det altså vere ca 5 cm på ni masker :)

HOBBYMAUREN said...

Fint prosjekt!!!

Eli Kristin said...

Et vinn-vinn prosjekt på alle måter vil jeg si. Genial bruk av rester og det går til noen som virkelig trenger litt varme og omtanke. Flott at du er med også! :)